Snøen dala ned frå den kolsvarte og uklare himmelen. Dei våte snøflaka svei og beit seg inn i huda mi. Stjernene brann og gnistra i auga mine. Eg var heilt åleine.
I undring såg eg utover parkeringsplassen. Han låg kald og mørk, og var dekka av snø. Eg tog ein handfull med snø og studerte snøkrystallane. ’Det er nokon magiske mønstre’, tenkte eg med undring. Mørket hadde omfamna himmelen over meg og lyktestolpane var tente. Alt dette fylte meg opp ned ein tomheit, ei dunkel stemning. Kva var det eg hadde gjort? Om eg bare ikkje hadde vore så kald, så hjartelaus … Eg hadde øydelagt for alle. Eg var ein forbrytar, ein kriminell, og fortente å føle hat, svik og nederlag. Mine ugjerningar hadde ytte til mord ..
Eg hadde bare vore 17 år gamal. Jonas, veslebroren min, hadde vore 13 år. Familien vår bestod av Jonas, meg og mora vår. Mor hadde arbeidd hardt for å få endane til å møtast etter at faren vår hadde forlate oss. Ho hadde vore så hjarteknust, øydelagt, desperat og forbanna. Likevel hadde ho kjempa som ein gal for å få retten til å ha oss. Ho hadde halde oss samla og gitt oss kjærleik og tryggleik medan vi voks opp. Eg var stolt over å kalle ho for mor.
Eg derimot hadde alltid vore hard mot dei harde og heilt utan samvit. Eg var brått blitt vaksen, eg var blitt ein kriminell. Å stele, plyndre og drive med utpressing var blitt ein stor del av kvardagen min. Eg var blitt kongen av miljøet mitt, og eg var fornøgd med situasjonen. Mitt høgaste ønske var å leve utan nokon grensar.
Jonas var ein spjæling, eit veikt, lite krapyl. Han hadde ofte fått kjenne på vreiden min, mitt ofselege temperament. Likevel hadde Jonas sett opp til meg. Eg skamma meg over det, eg ville ikkje at nokon skulle ønske å vere som meg. Jonas brukte meg som trøyst i vår mangel av ein far. Han tok etter meg og dreit i heile skulen. Han begynte å stele. Eg huskar han hadde vore så stolt etter ein tur ut på byen.
”Kva er det du gliser sånn for,” spurte eg.
”Du må sjå kva eg har! Denne klokka kostar eigentleg 6000 kroner. Eg har tatt han. Du skal få han av meg,”
”Du som ikkje tørr ein drit, du bare lyg!” svarte eg. Eg lo av ham. Jonas sterra på meg djupt og hatefullt inn i auga. Eg hugsar enno blikket hans. I ettertid har eg tenkt mykje på denne samtalen. Den natta hadde tunga mi vore skarpare enn kniven sjølv. Orda mine fekk Jonas til å lage planar, han ville gjere meg imponert. Han sneik seg ut i vinternattas kalde mørke, gjekk til garasjen og tok motorsykkelen min. Han hadde kopla om motoren, og dessverre fått start på han. Ute på vegen var det glatt, han var dekka av is og snø. Jonas brydde seg visst ikkje. Det må ha gått for fort for ham … Det kom eit smell, det eksploderte i sort! Han hadde krasjet i eit tre. Snøen fortsett å falle og falle som for å si at alt var slutt. I vraket låg liket av veslebroren min … Ein 13 år gamal gut.

Plutseleg innsåg eg at eg hadde vandra bort til kyrkjegarden, der Jonas låg. Eg følte meg sorgtyngd… akkurat i dette augeblikket, hadde eg bare lyst til å grine…
”Gud! Kvifor har du forlate meg?!” skreik eg tomt ut i natta. Eg kjente meg så ynkeleg. Verda var plutseleg så fortryllande, så altfor vakker. Eg var ikkje god nok. Eg var ikkje verdig. Eg lengta etter å finne ei meining med det heile, noko tydingsfullt. For ein skal tåle mykje frå vogge til grav, det hadde eg alltid fått høyre av mora mi. Likevel følte eg akkurat no at eg stod naken og uferdig i ein framand verd, utan veslebroren min ved mi sida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar